Contact USO
-> eMail USO
USO on social media
-> USO on Facebook
-> USO on Instagram
© sto2000-∞
![]() |
SNART KONSERT. Dirigent Per Gisle Haagenrud losar Universitetets Symfoniorkester meir eller mindre trygt gjennom Brahms fjerde symfoni. |
Den som vil spele symfonisk musikk på amatørnivå i
Bergen, har ikkje nett eit oppkomme av moglegheiter.
Men
Universitetets Symfoniorkester (USO) er definitivt ei av dei.
Kvar veke samlast hobbymusikarar på Studentsentret for
å øve inn programmet til neste konsert. Og, med litt flaks, å få
oppleve ein av dei augneblinkane som gjer at ein musikar gløymer all
terping og alt slit: Å kjenne bogen bite godt i strengen. Å vite før
ein smell fingeren på gripebrettet korleis tonen kjem til å klinge -
reint og klart. Å høyre blåsar-rekkja overta melodien og drive han
vidare framover, presist og målmedvite. Då kjenner ein at ein lever
så det sitrar i ryggrada.
Sosialt og utviklande
Mari Sandbakken
studerer realfag på første semester og spelar bratsj i USO.
– Eg
gjekk på musikklinje på vidaregåande, og har alltid spelt i
orkester. Då eg kom til Bergen, fall det naturleg å bli med i USO,
seier ho. Og det kjem ho til å halde fram med.
![]() |
|
– Orkesteret spelar krevjande stykke, så det er både
utfordrande og kjekt. USO held eit høgt nivå for eit amatørorkester.
Men folk er ikkje alltid like flinke til å møte opp på
øvingane.
USO er sett saman av både studentar og tilsette ved
Universitetet. Tradisjonelt har orkesteret vore dominert av
legestudentar. Kanskje ikkje tilfeldig, sidan statistikken fortel at
legestudentane også er dei som går oftast på konsert i Grieghallen.
I USO får medlemmane halde vedlike sine musikalske interesser, og
øvingsmengdene tek ikkje knekken på nokon. Mari meiner det er
utviklande å spele i orkesteret.
– Vi blir kjende med ny musikk.
Reint teknisk er det nok ikkje så utviklande, til det øver eg for
lite. Men eg har stort utbytte av det likevel. Og vi har det veldig
sosialt på øvingane, seier ho.
Konsert rundt hjørnet
Kvar haust stiller
orkesteret i finstasen for å spele på den årlege
immatrikuleringsfesten i Grieghallen. Utover det, held dei til
vanleg to konsertar i semesteret.
![]() |
I rampelyset. Bratsjist Mari Sandbakken har funne seg til rette på podiet |
Laurdag 11. desember skal USO ha julekonsert, med
mellom anna Brahms sin fjerde symfoni på programmet. I ei ideell
verd skulle no musikken vere såpass godt innarbeidd at ein kunne ha
plenty tid til finsliping på detaljane. Den verkelege situasjonen
avvik aldri så lite frå idealet. Dirigent Per Gisle Haagenrud har
litt av kvart å utsetje på gjennomkøyringa av første sats.
– De heng, folkens! De spelar triolane akkurat så
mykje legato, og utan marcato, at det høyrest seint ut. Vi tek det
på nytt, to taktar før bokstaven Q.
Ei konsertoppkøyring er
akkurat som eksamenslesing. Alt går inn siste veka. Og ein må rekne
med å terpe til det siste.
– Seks taktar før bokstaven I, berre
for å nemne det: Det skal vere fortissimo hjå strykarane. Eg høyrde
ikkje eit pip!
Dirigent Haagenrud tek taktstokken fatt. Enno
står ein del arbeid att.